mandag 23. april 2007

Frå tillit til kontroll

Det er tittelen på boka Georg Apenes ga ut på Pax Forlag i 2005. Boka er sett saman av 12 intervju og med eit forord av Ole Paus. Georg Apenes fører ein samtale med dei tolv personane om ulike sider ved personvern.

Personar han intervjua er mellom andre Kristin Clemet, Knut Storberget, Gisle Hannemyr og Stein Viksveen (journalisten som vart spiontiltalt). Intervjua reflekterer også personane, slik gode samtalar bør vera. Difor handlar ikkje boka berre om personvern, sjølv om det er den raude tråden.

Politisk sett ser det ut som at trua på den sterke staten og tillit til overvaking heng godt saman. Difor har Arbeiderpartiet ikkje nokon god historie når det gjeld personvern og vern om individet sin rett til anonymitet. Meir overraskande er det kanskje at SV i langt sterkare grad har markert seg som forkjemparar for personvern (og eit restriktivt syn i bioteknologi-spørsmål, noko som heng nøye saman). Framstegspartiet ser ut til å vera eit slags Arbeiderparti når det gjeld overvaking - ikkje mykje motførestillingar der. Det er Venstre og Høgre som held fana høgt i personvernspørsmål, saman med SV.

Det store problemet er at me ikkje har eit Datatilsyn med ressursar og mynde til å halda fana høgt i slike spørsmål. Datatilsynet har ei nærmast umuleg oppgåve; dei skulle hatt mangedobla budsjett og fått større innverknad. Det blir spennande å sjå kven som overtek etter Georg Apenes som direktør i Datatilsynet. Sjølv meiner eg Kristin Clemet ville vera eit veldig bra val - og det seier eg frå ein posisjon som er garantert Høgre-fri. Ho har nødvendig tyngde og innsikt og ville kunna løfta fram dette viktige organet og området.

I mellomtida bør du få tak i boka til Apenes, den er berre på 150 sider og vel verdt å lesa.

1 kommentar:

Paal Fosdal sa...

Datatilsynet står fram som eit nødvendig tilsyn dersom vi skal klare å halde vakt om personvernet. Verre er det med alle dei andre tilsyna som dukkar opp som kaninar av eit hatt i berre-pass-deg samfunnet. Kanhende er det ein ide å ta nokre ressursar frå desse om ein meiner Datatilsynet kjem til kort. Elles er eg samd i ditt framlegg til ny direktør.