tirsdag 13. mars 2007

Forskarforum for e-forvaltning

hadde møte sist fredag (9.3) om regjerings IT-melding. FFeF er eit laust interessenettverk leia av miljøet for forvaltningsinformatikk ved UiO. Det miljøet er i praksis Arild Jansen, og delvis Dag Wiese Schartum.

Det var godt frammøte og tydeleg at temaet engasjerte. Avd.dir. Kai Ove Nauen starta med ei overordna orientering om den delen av meldinga som omhandlar e-forvaltning, i praksis kapittel 7. Han fekk straks spørsmål etter innleiinga om kvifor demokrati er heilt fråverande frå meldinga. Eit godt spørsmål - eg har sjølv lurt på det same. Noko spesielt godt svar kom ikkje.

Deretter var det hovudstups ned i detaljane. Kjell Tore Guttormsen frå eKor tok for seg detaljar ved XSD-formatet (!) i samband med SERES-standardiseringa. Det vart altfor detaljert og teknisk etter mi meining, og feil fokus i forhold til det eg hadde venta meg av dagen. Eg samanlikna dei to første foredraga med Google Earth: Dep. starta med å betrakta jordkloden frå verdsrommet, i det neste foredraget var me plutseleg på gatenivå.

IT-direktør Gunnar Horn i NAV orienterte så om IT-meldinga og sentrale problemstillingar sett i forhold til utfordringane for NAV. Det var interessant og tillitsvekkjande, ein kar som ser ut til å ha det rette grepet om dette.

Gunnar Horn oppmoda FAD om å rydda i usikkerheita rundt Miside og Altinn, ei oppmoding som er på sin plass. Eg gjentok oppmodinga og viste til eit eksempel der Altinn reklamerer for at du kan utføra flyttemelding ved å gå inn på Altinn (reklame på Skandiabanken i januar/februar). Nauen innrømte at dette ikkje er bra, og han tok med seg signala tilbake. Det er klart det ikkje er noko nyheit at det er ein kamp mellom Altinn og Miside, det har det vel vore heile vegen. For Skatteetaten er det Altinn som gjeld, og berre den, og dei arbeider hardt for å få dei andre tunge statsetatane med seg. NAV er på veg inn for full tyngde i Altinn.

Dag Wiese Schartum tok for seg e-forvaltning sett i lys av regelendringar (lovendringar osv.) - eit interessant tema. Han påpeikte den relativt meiningslause situasjonen der nye lover blir skrivne heilt frå grunnen av, med blanke ark, og utan noko form for samordning begrepsmessig. Han etterlyste malar for regelutvikling, absolutt eit område for forsking. Det kallar eg ei offensiv haldning til e-forvaltning og jus, utan å falla for freistinga å ta snarvegar i lovutforminga. Det siste er det mange som har lyst til.

Til slutt orienterte Trond Knutsen og Vemund Riiser frå Forskingsrådet om finansieringsmulegheiter for forsking innan e-forvaltning.

1 kommentar:

Anonym sa...

Stilig!
Men jeg har ikke helt skjønt alt enda.